Tilbake til alle arrangementer

Herborg Kråkevik

Vi vandrar saman med Kråkeviks songbok – Herborg Kråkevik trio på turne:

BILLETTER I SALG 30. APRIL KL. 10:00

Herborg Kråkevik trio dreg på turne med songskatten vår. 

Den vert formidla med fornyande musikalske arrangement, krydra med spennandes forteljingar frå kulturarven vår.

For nokon av oss er det songar og bilder me har vokse opp med og er glade i, for andre er det nyoppdagingar, men med Herborg som vegvisar gjennom konserten er me sikra å bli kjærleg kjende med skattane. 

Ho vil også få oss til å syngja saman og gje oss ei oppleving av noko me eig i lag. 

Herborg er eit «scenedyr» med store roller frå teateret og mange sjølvlaga forestillingar og cabaretar i bagasjen. Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld!

PRAKTISK INFO
Aldersgrense: 18 år (denne konserten har vergeordning)
Dørene åpner: 20:00
Konsertstart: 21:00

Les mer om vergeordningen her.

Forrige
Forrige
25. juni

Hoanna

Neste
Neste
9. oktober

Bjørn Tomren